Vanlegvis er eg eit positivt og optimistisk menneske. Men no. No er eg møkklei. Møkklei analoge, moraliserande, gretne menneske. Foredragshaldaren på konferansen som innleiingsvis uttalar seg skråsikkert om PC, smarttelefonar og anna tablets, til dømes. Om at desse må leggast bort. For no. No skal alt fokus rettast mot den som har ordet. Ingen distraksjonar. Det er faktisk direkte uhøfleg, held denne fram. I følgje foredragshaldaren som kanskje i dag skal snakke om åtferda og haldningane våre, sit vi på sosiale mediar og les kjendisstoff i Dagbladet, ja gjer heilt irrelevante ting. Det er visst det vi gjer.
Ukonsentrert er vi, seier den på podiet. Som om alle gjer på det same og foredragshaldaren veit alt. Sett at publikum er leiarar som er invitert på konferanse i to dagar. Arrangøren har sagt at i pausane skal ein orientere seg om å snakke med utstillarar, ta kontakt med folk og utvide nettverket sitt. Vere sosial. Så sit ein på det eine foredraget etter det andre. Gode er dei også, foredraga. Er ein så lemfeldig at ein av ein eller annan grunn kommuniserer stille på tableten sin når den på podiet snakkar, kan ein heller vere på kontoret i staden. Det meiner i alle fall foredragshaldaren. Heilt sikkert nokre andre også, som noterer på papiret framfor seg. Skal leiaren, eller andre som sit i salen, melde seg heilt vekk frå jobben og ikkje ta unna ting som hastar, om ein vurderer at det er best. Der og då. Nokre kan truleg gjere det. Medan andre har deadline, noko som pressar på, akutt på jobb eller heime (og har likevel glede av å vere på konferansen). Og hald deg fast! Nokon evner å gjere fleire ting på ein gong, og vere kjapt tilbake. Tenk det!
For ikkje å snakke om dei av oss som har digitale notatverktøy på tabletane våre. Vi har eit system som fungerer godt for oss, vi finn att notata våre. Fordi dei er samla på ein plass, ikkje spreidd i vesker, skuffer og hyller. Og ikkje minst; moglegheitene med å teikne, skrive, ta bilete. Alt på ein gong. Samla på ein plass. Synkronisert med alle dei andre tabletane våre. Vi endåtil sparer miljøet for papir.
Kva veit du. Analoge, gretne, moraliserande menneske. Kva veit du om kva eg brukar min smarttelefon, PC eller iPad til? Kvifor peikar du ikkje på dei som sit med penn og papir og skriv så blekket sprutar? Har det noko med at det er ditt verktøy, din metode, noko du i di analoge verd kjenner deg att i. Eller gløymde du å inkludere desse i moralpreika di i starten av foredraget ditt?
Ikkje bry deg om at folk kikkar i tabletane sine. Verken du som held foredrag, eller du som sit ved sidan av eller litt bortanfor, som irriterer deg over oss som er digitale og i dine auge ukonsentrerte. Vi prøver å ikkje irritere oss over deg som moraliserer frå taburetten. Eller deg ved sidan av som skular og irriterer deg i staden for å ha fokus på det som skjer på podiet. Eg prøver å ikkje irritere meg over deg som kanskje smådubbar innimellom, pratar med den ved sidan av eller snakkar om at alt var betre før. Du går jo glipp av noko, tenkjer eg, som ikkje tek i bruk desse fine digitale verktøya. Eg let deg likevel vere i fred. Prøver ikkje frelse deg, eller kritisere deg, eller irritere meg over kor lite utviklingsorientert du er.
Du som tviheld på den analoge verda di medan du fortvilar over det 20.århundre og kor vanskeleg, ukonsentrert, sjølvoppteken og annleis den er, den nye kvardagen. Det er trasig gitt, at ikkje alle stoppar opp og protesterer saman med deg. Lat oss i alle fall få vere i fred. Ikkje moraliser over oss! Ikkje bry deg! Takk!