Bloggrefleksjonar

Blå himmel

Bloggen min har eksistert ei stund, men det har blitt få innlegg. Tid er ein faktor, men å ha noko på hjartet som ein ønsker å nå ut med, er ein føresetnad slik eg ser det. Refleksjon rundt tema ein er oppteken av, er bloggen si oppside. Ved å til dømes spreie blogginnlegget gjennom sosiale medium og få lesarar til refleksjonane sine, kan ein også få tilbakemeldingar og etablere ein arena for refleksjon saman med fleire. Bakgrunnen for dette blogginnlegget er deltaking i MOOC-kurset Smart Læring ved NTNU.

Meir enn å skrive eigne innlegg, er gleda over å lese gode bloggar som omhandlar interessante tema. Tilgangen til bloggar frå folk i eigen bransje som deler erfaringar, eller personar som bloggar om tema som opptek meg, blir stadig større. Gjenkjenning er fint, og det same er opplevinga av å bli introdusert for tankar og idear som set ein på sporet til noko nytt.

Mitt første blogginnlegg kom for få veker sidan med overskrifta Analoge, moraliserander, gretne menneske. Bakgrunnen for blogginnlegget var enda ein konferanse der foredragshaldaren ber alle i salen om å logge seg ut av Facebook, sjå opp frå Dagbladet sine kjendissider og følgje med på det som vart sagt på podiet. Denne uvitande haldninga og arrogansen til enda eit menneske som ikkje kjenner ein digital kvardag og moglegheitene som ligg i denne, vart den berømmelege siste dråpen. Då vart redninga denne bloggen og moglegheita til å kunne skrive om og dele opplevinga.

Mange bloggar, om ulike tema, og eg les ofte tilfeldige blogginnlegg utan at eg systematisk les bloggen til vedkomande. Det er ei stor bloggverd der ute. Tida strekk ikkje til med tanke på å følgje veldig mange, men eg har nokre som eg alltid har forventning til når dei publiserer nye blogginnlegg. Bloggar som eg har stor glede av innanfor temaet skule og utdanning, er til dømes June Breivik sine innspel og tankar om læring i ei digital tid: , Camilla Hagevold sine engasjerte blogginnlegg om skule i Skolevegen: , rektor Kjell Ove Hauge ved Kuben vgs:  og Martin Johannessen sin informative og inkluderande blogg, Lærerbloggen.

I tillegg følgjer eg bloggarar som Linda Lai,  Kathrine Aspaas,  og Anita Krohn Traaseth, med interesse. Dei skriv alle om tema som eg er interessert i eller engasjerer meg, men med ulike perspektiv og fokusområde.

I likskap med dei fleste andre sosiale medium, er det lett å opphalde seg i sin eigen andedam. Med det meiner eg at det er ein fare for å følgje og lese innlegg og artiklar som støttar opp om tankar og meiningar eg sjølv har. Det er derfor nødvendig å stadig utvide eigen krets og lese og følgje personar som utfordrar mitt eige syn. Eller for å seie det med Dostojevskij: «Ingenting er så fastslått at man ikke kan si noe nytt om det».

Analoge, moraliserande, gretne menneske

No thanks we are too busy.jpg

Vanlegvis er eg eit positivt og optimistisk menneske. Men no. No er eg møkklei. Møkklei analoge, moraliserande, gretne menneske. Foredragshaldaren på konferansen som innleiingsvis uttalar seg skråsikkert om PC, smarttelefonar og anna tablets, til dømes. Om at desse må leggast bort. For no. No skal alt fokus rettast mot den som har ordet. Ingen distraksjonar. Det er faktisk direkte uhøfleg, held denne fram. I følgje foredragshaldaren som kanskje i dag skal snakke om åtferda og haldningane våre, sit vi på sosiale mediar og les kjendisstoff i Dagbladet, ja gjer heilt irrelevante ting. Det er visst det vi gjer.

Ukonsentrert er vi, seier den på podiet. Som om alle gjer på det same og foredragshaldaren veit alt. Sett at publikum er leiarar som er invitert på konferanse i to dagar. Arrangøren har sagt at i pausane skal ein orientere seg om å snakke med utstillarar, ta kontakt med folk og utvide nettverket sitt. Vere sosial. Så sit ein på det eine foredraget etter det andre. Gode er dei også, foredraga. Er ein så lemfeldig at ein av ein eller annan grunn kommuniserer stille på tableten sin når den på podiet snakkar, kan ein heller vere på kontoret i staden. Det meiner i alle fall foredragshaldaren. Heilt sikkert nokre andre også, som noterer på papiret framfor seg. Skal leiaren, eller andre som sit i salen, melde seg heilt vekk frå jobben og ikkje ta unna ting som hastar, om ein vurderer at det er best. Der og då. Nokre kan truleg gjere det. Medan andre har deadline, noko som pressar på, akutt på jobb eller heime (og har likevel glede av å vere på konferansen). Og hald deg fast! Nokon evner å gjere fleire ting på ein gong, og vere kjapt tilbake. Tenk det!

For ikkje å snakke om dei av oss som har digitale notatverktøy på tabletane våre. Vi har eit system som fungerer godt  for oss, vi finn att notata våre. Fordi dei er samla på ein plass, ikkje spreidd i vesker, skuffer og hyller. Og ikkje minst; moglegheitene med å teikne, skrive, ta bilete. Alt på ein gong. Samla på ein plass. Synkronisert med alle dei andre tabletane våre. Vi endåtil sparer miljøet for papir.

Kva veit du. Analoge, gretne, moraliserande menneske. Kva veit du om kva eg brukar min smarttelefon, PC eller iPad til? Kvifor peikar du ikkje på dei som sit med penn og papir og skriv så blekket sprutar? Har det noko med at det er ditt verktøy, din metode, noko du i di analoge verd kjenner deg att i. Eller gløymde du å inkludere desse i moralpreika di i starten av foredraget ditt?

Ikkje bry deg om at folk kikkar i tabletane sine. Verken du som held foredrag, eller du som sit ved sidan av eller litt bortanfor, som irriterer deg over oss som er digitale og i dine auge ukonsentrerte. Vi prøver å ikkje irritere oss over deg som moraliserer frå taburetten. Eller deg ved sidan av som skular og irriterer deg i staden for å ha fokus på det som skjer på podiet. Eg prøver å ikkje irritere meg over deg som kanskje smådubbar innimellom, pratar med den ved sidan av eller snakkar om at alt var betre før. Du går jo glipp av noko, tenkjer eg, som ikkje tek i bruk desse fine digitale verktøya. Eg let deg likevel vere i fred. Prøver ikkje frelse deg, eller kritisere deg, eller irritere meg over kor lite utviklingsorientert du er.

Du som tviheld på den analoge verda di medan du fortvilar over det 20.århundre og kor vanskeleg, ukonsentrert, sjølvoppteken og annleis den er, den nye kvardagen. Det er trasig gitt, at ikkje alle stoppar opp og protesterer saman med deg. Lat oss i alle fall få vere i fred. Ikkje moraliser over oss! Ikkje bry deg! Takk!

 

Om å vere ei stemme der ute

«Å sleppe stemma si på nettet» opplever eg som ein terskel som er utfordrande å stige over. Eg les bloggar med stor interesse og er svært glad for at folk innan for ulike næringar, bransjar og fagfelt deler tankar som eg kan få del i. Det er inspirerande og lærerikt med engasjement og spreiing av informasjon og erfaringar. Gjennom kurset Smart Læring er vi no utfordra til å skrive vårt første blogginnlegg om vi ikkje har hatt aktivitet på bloggfronten tidlegare.

Det er fantastisk å ha høve til å lese kva tankar både profilerte og ikkje profilerte personar innanfor ulike fagfelt gjer seg om tema dei er engasjerte i. Delingsperspektivet legg til rette for at andre sin erfaring kan bli min læring. Teksten skal ikkje gjennom ein redaksjon, men blir publisert direkte av forfattaren og lest av gamle og nye lesarar. Både vanleg blogging og mikroblogging senker terskelen for å etablere kontakt og skape nye relasjonar, delta i diskusjonar og hente inn informasjon. Desse faktorane gjer at eg som konsument og deltakar likar bloggsjangeren; både Twitter og ordinær blogg.

Det er vesentleg at ein har noko på hjartet og er engasjert i noko når ein skal blogge, slik eg ser det. Det vil derfor vise seg om det blir fleire blogginnlegg frå mi side. Tema som er mest aktuelle for meg er leiing, ikkje minst skuleleiing, generelt skuleliv, kommunikasjon, fag og ev bruk av digitale tenester og verktøy i skulekvardagen både på elevnivå og for tilsette og administrasjon. Det er ikkje usannsynleg at eg etter kvart også ønskjer å bruke bloggen til å dele opplevingar og kvardagshendingar knytt til arbeidsplassen min ved Fagerlia videregående skole i Ålesund.

Å gjøre utskjæringer i både barken og veden – om god skoleledelse

Skolevegen

Å lede en skole er en utfordrende oppgave av mange grunner. Administrative oppgaver spiser av tiden som burde brukes til pedagogisk ledelse (ikke ulikt slik papirmølla gjør det for lærere). Lærere er selv ledere av læringsarbeid i klasserommet, og mange av dem tar med seg lederegenskapene sine også ut av klasserommet – på godt og vondt. Skoleledere står i en mellomlederposisjon, samtidig som de står ansvarlige for sin skole. Pålegg kan komme fra statlig eller kommunalt hold, og samtidig har lærerne sine meninger om hvor veien bør gå videre. Man sitter altså ofte mellom barken og veden, men Kathrine W. Sæther sa det fint her en dag:

barken og veden

Så hvordan skal man kunne benytte seg av kvaliteten i både barken og veden, og i tillegg sette sine merker i begge?

Skoleleder heller enn bedriftsleder

En god skoleleder bør være en god lærer, med klare pedagogiske tanker, og evnen til å få lærere –…

View original post 1,364 more words